Hannåsfeltet (veg)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Hannåsfeltet er ein veg på Hannåsfeltet sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Han går tvers gjennom feltet frå Fylkesveg 301 (Abusdalsvegen) ved Hannåsmoen i sør til Fylkesveg 42 (Sveindalsvegen) ved Rysemoen i nord. Vegen er ca 4 km lang. Han er tilkomstveg for dei som bur på gardsbruka på Hannåsfeltet. Omtrent midtvegs ligg den nedlagde Hannåsleiren.
Kjelder
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
- Vedtak om vegnamn i Evje og Hornnes kommunestyre, dagsett 24. oktober 2013