Hannåsleiren

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hannåsleiren med Vorehei i bakgrunnen.

Hannåsleiren er ein nedlagd militærleir på Hannåsfeltet i Evje og Hornnes kommune. Leiren vart etablert i 1941 som ein leir for Arbeidstenesta og vart etter krigen overteken av Forsvaret, som hadde leiren til 1998. Då vart leiren annonsert for sal i Doffin: «Hannåsleiren i Evje og Hornnes kommune i Setesdalen skal avhendes, og bud skal leveres Forsvarets bygningstjeneste, region Sør- og Vestlandet innen 3. juli. Eiendommen er på 55 dekar og omfatter 25 bygg. Hele leiren skal være overdratt innen 1. februar neste år, og valg av kjøper vil bl.a. bli bestemt ut fra pris og hvilke aktiviteter leiren er tenkt benyttet til.»

Mye av arkivmaterialet frå Hannåsleiren finst i Riksarkivet, og dokument frå Hannåsleiren og Arbeidstenesta elles brukte Jan Egil Hansen frå Evje då han våren 2011 skreiv mastergradsoppgåva «Stripete poteter og grumsete grøfter» på Universitetet i Agder.

Etter at leiren kom på private hender, han han mellom anna vore brukt til motorsykkeltreff.

Kjelder

  • Torgeir Eikeland: Sprengt av Max - glemt av de fleste. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt fredag 21. oktober 2011 side 2 og 3

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...