Åmli (Valle gnr. 50)

Foto: Geir Daasvatn
Åmli er ein gard oppover vestsida av Otra, sør for Steinsås, i Valle. Mot vest og høgare oppe i dalsida ligg nabogarden Berg. I sør er Bø nabogard, og i nord Steinsland. Det går fylkesveg over Otra på Hallandsbrua. Vest for brua kløyver vegen seg i tre: Ein veg går sørover til Bø-gardane, fylkesvegen går nordover til Steinsland og ein tredje veg går gjennom Åmli og vidare oppover i dalsida til Berg.
Historie
«Garden er nok heller gamal», heiter det i Gards- og ættesoga for Valle.[1] Det er funne øks og saks frå 900-talet på garden. Men busetnaden går truleg endå lenger tilbake i tid.
Litteratur
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 414-528
Kart
Referansar
<references>
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 415