Sarvsfossen
Utsjånad
Sarvsfossen er eit fossefall i Otra rett aust for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Rett ovafor fossen er elva frå 2014 demd opp med Dam Sarvsfoss. Tidlegare reguleringar i Otra har også påvirka vassføringa. Vassføringa i fossen er derfor normalt svært liten. Men før reguleringane var Sarvsfossen rekna som den kanskje største fossen i Otra. Då stupte elva «seg utover gjennom ein trong glip 30 meter beint ned i hølen nedanunder».[1]
Referansar
<references>
- ↑ Knut Gjerden, Bykle, kapittel i Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 134-136