Lars Kile AS

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. november 2015 kl. 00:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lars Kile AS)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Kile AS er ei kledeforretning i Evje. Butikken ligg ganske langt nord i sentrumsgata, rett nord for Tryggheim bedehus. Innehavar og dagleg leiar er Rita Kile.

Historie

Då far til dagens innehavar Rita Kile, Lars Kile, som ung gut kom heim frå militæret, fekk han seg i 1970 arbeid hos Ole K. Thomassen i Evje herre- og gutteklær i Ågedalhuset. Kona Laila Kile arbeidde også i butikken. Thomassen ville etterkvart konsentrere seg om å drive kledebutikk i si heimbygd Vennesla. Lars og Laila kjøpte då (1975) butikken på Evje, og starta Lars Kile AS. Ågedalhuset var lite og trongt for ein butikk, med ei bratt steintrapp utanfor, så i 1979 reiv dei det gamle huset og bygde eit nytt, stort og flott forretningsbygg på same tomta.

Lars pensjonerte seg som leiar av kledebutikken i 2010, og overlet ansvaret til dottera Rita.

Kjelder