Austegardsvegen
Austegardvegen er ein veg mellom Åknes og Koland i Åseral. Han tek til frå Bortelidvegen og går austover langs Lognavatn til Austegard og vidare til Espelid. Så langt er han fylkesveg. Frå Espelid fortset vegen som privat skogsbilveg (bomveg) vidare oppover og innover heia til det nedlagde gardsbruket Koland ved Gyvatn. Frå Espelid til Kovatn er det omlag 5 kilometer. Austegardvegen er den einaste bilvegen inn til det store Gyvatn, som ligg i grenseområdet mellom kommunane Åseral, Bygland og Evje og Hornnes. Austegardvegen er ei ypparleg turløype om ein vil gå eller sykle inn til Gyvatn. Frå Koland er det bare ca 2,2 kilometer i luftline vidare til Midtstrandknuten, den høgaste fjelltoppen i Evje og Hornnes. Vegen er også eit fint utgangspunkt for fjellturar i andre retningar, til dømes innover i Bygland vesthei.
Kjelder
- Kart over Setesdal på heimesida til Evje og Hornnes kommune
- Geir Daasvatn, kjennskap til vegen etter tur i området