Frøyså idrettsplass
Foto: Geir Daasvatn
Frøyså idrettsplass er idrettsanlegget i Iveland. Det ligg på Frøyså, omtrent midtvegs mellom Birketveit og Skaiå. Anlegget inneheld fotballbane med grasdekke, friidrettsanlegg med polytandekke og 150 meters løpebanar, og eit kombinert garderobe-/redskapsbygg. Ei stor oppgradering og modernisering av den gamle banen starta i 2008, og heile anlegget slik det står i dag vart offisielt opna 28. august 2010. Mykje av arbeidet med det nye anlegget er gjort på dugnad.