Moisund bru

Foto: Geir Daasvatn
Moisund bru er ei fritt frambygd spennbetongbru over Otra mellom Moisund og Klepp i Evje og Hornnes kommune. Lengda er 108,3 meter. Brua vart bygd i 1969. Før brua kom, gjekk det ferje over Otra mellom Moisund og Klepp.
Kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, utgjeve på eige forlag, 2014, s. 62-63