Birgit Attestog

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. mars 2015 kl. 16:01 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fdato)
Hopp til navigering Hopp til søk
Birgit Attestog
Født: 3. november 1955 (70 år)

Birgit Attestog (fødd 3. november 1955) er rektor på Setesdal vidaregåande skule. Ho bur på Lauvdal i Bygland kommune og før ho vart rektor med arbeidsstad på Hornnes, arbeidde ho som lærar og rektor i Bygland kommune i 28 år. Utdanninga si har ho frå Hornnes gymnas og Kristiansand lærarskule. I 2004 tok ho hovudfag i norsk/nordisk. Oppgåva hennar var «Jeg er Setesdøl, jeg». Setesdalsmålet - eit talemål i utvikling eller avvikling? Kristiansand 2004.

Ho har vore engasjert i mållagsarbeid og vore redaksjonsmedlem i Jol i Setesdal i fleire år.