Hisdalsheii

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. mars 2015 kl. 13:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Hisdalsheii)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hisdalsheii er eit fjell (485 moh.) rett sør for Bjørndalsvatnet og vest for Kosvatn heilt vest i Evje og Hornnes kommune.

Hisdalsheii er ein av toppane i Otra IL skigruppa sitt turopplegg Ti toppers i 2015. Frå Hornnes køyrer ein {{Fylkesveg 42|Fv-42]] (Sveindalsvegen) ca 15 kilometer til parkeringsplass i vestre enden av Bjørndalsvatnet, rett før ein kryssar fylkesgrensa til Vest-Agder. Herfrå kan ein gå langs skogsbilveg sør-austover ca 1,4 kilometer. Der vegen sluttar må ein følge terrenget til toppen, ca 1,1 kilometer. Det siste strekket i terrenget er merka.