Langerak kraftverk
Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Kraftverket blei bygd på austsida av Riksveg 9, på Suggeberg si vesthelling, i 1915. Staten let kraftverket byggja for at tuberkulosesanatoriet i Landeskogen skulle få straum, og opphaveleg hadde det tre aggregat. Det nyttar ein del av fallet frå magasinet Langeraksvatn i Longeraksåni som vert regulert mellom 598 og 594 moh, men sidan det ligg om lag 60 meter høgare enn Byglandsfjorden nyttas ikkje heile fallhøgda på rundt 3oo meter. Produksjonen starta i 1916. Kraftverket har no eit aggregat, og ein samla effekt på er 1,5 MW med ein midlare årsproduksjon på 8 GWh.
I 1925 tok Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen over kraftverket, i 1962 gjekk det over til Aust-Agder Kraftverk. Sidan 2001 er det i Agder Energi sin eie.
Kraftstasjonen er teikna av arkitekt Kristian Hjalmar Biong, og har forblending i naturstein, med rike detaljer. Stilmessig har den blitt samanlikna med et fransk seinmellomalderslott eller eit byggverk i engelsk romantikk.
Eksterne lenker
- Kraftverket på NVE sine nettsider (Vitja 11. oktober 2014)
- Norsk skogmuseum: «Eventyrslottet» (Vitja 11. oktober 2014)
- Museumsordningen: «Ukens kulturminne (Vitja 11. oktober 2014)