Oskar Roel
| Oskar Roel | ||
|---|---|---|
| Oskar Roel på eit årsmøte i Otra IL. Foto: Geir Daasvatn
| ||
| Født: | 1932 (alder 93–94) | |
Oskar Arnliot Roel (fødd 1932) er pensjonist og bur i Hampefjellet 3 på Byglandsfjord. Før han vart pensjonist var han styrar på Setesdal Meieri på Byglandsfjord. Roel var ein svært sentral dugnadsmann då Otra IL bygde Otra-hytta på Senumsheia vest for Byglandsfjord. Han var også fotballspelar i Otra IL i ei årrekkje. Då Bygland kommune bygde Årdalshallen sat Roel i Bygland kommunestyre for Bygland Bygdeliste, og var med på å drive det prosjektet igjennom. Han representerte Bygdelista i kommunestyret i åtte år, frå 2003 til 2011.
Heider
- Æresmedlem i Otra IL
Kjelde
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeve av Otra IL, 2010
- Bygland Bygdeliste si heimeside