Søbø (Longerak)
Søbø (Sørbø) var opphaveleg ein gard sør i bygda Longerak i Bygland kommune, som i 1680 vart dela i to bruk. Nedre Søbø (gnr. 54/8) ligg på nordvestsida der Riksveg 9 og vegen gjennom bygda møtest, og Øvre Søbø (gnr. 54/5 og tidlegare og 54/7, som ble frådela og fekk namnet Huset etter brukaren) oppe i lia søraust for riksvegen. Garden nemnast ikkje i Oluf Rygh si bok Norske Gaardnavne.
I Bolling sin bok om gardane i Bygland fortel han at Sørbø truleg vart rydda seinare enn Longerak og at Jørund Langerak åtte han i 1612. I 1624 nemnast gardsnamnet Søbø for fyrste gong då sonen Olav tok over drifta, og 56 år seinare vart garden delt i to. Jørund Olavsson dela i 1680 garden mellom to av sonene sine – Gunnar og Sveinung. Bolling fortel og at mennene på Søbø meinte gardane deira ikkje skulle takast med med då ei innmarksutskifting skulle fremjast i 1871-'72. Dei var ikkje ein del av Longerak. Innmarksutskiftinga fann likevel stad for Longerak og Søbø under eitt. Gardane har kvar sine støylar på Tveitå og i Lia, noko som vart stadfest av utskiftinga i 1905-10.
Litteratur
- Bolling, Reidar: «Longerak. G.nr. 54.», Gards- og ættesoge for Bygland, s. 352, 355, 363-365, utg. 1952.