Bertha Haraldstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. november 2014 kl. 21:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bertha Haraldstad - ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bertha Haraldstad var fødd 19. mai 1900 i Herefoss. Ho gifta seg med Torgeir Haraldstad i Evje. Berte starta med ein kiosk på Jernbanetomta i Evje sentrum. Seinare bygde ho Pernille Kafè, som vart utvida fleire gonger. Rundt 1970 var det heile 14 tilsette i kafèen. Kafèen blei riven då det nye Sentrumsbygget kom i 1973, og Pernille Kafè flytta over i 2. etasje der.

Berte Haraldstad var leiar i Evje Sanitetslag i 12 år. Ho sat også i styret for Aust-Agder Sanitetskrets. Ho skreiv mange festsongar.

Kjelde