Evje Sanitetsforening

Evje Sanitetsforening er sanitetsforeninga for Evje. Foreninga har faste møter kvar månad og dei driv også besøksteneste på Evjeheimen kvar månad. Dei lagar og fastelavensris kvart år, til fastelaven i 2011 laga dei 220 fastelavensrisbukettar som vart selde til inntekt for foreninga. Årleg lagar dei og basar, og kvart år har foreninga adventsmøte på Evjeheimen.
Styre
På årsmøtet på Hotell Dølen 15. februar 2011 valde ein dette styret:
- May Brit Stenjor, leiar
- Aashild Refsnes, nestleiar
- Jorunn Butveit, kasserer
- Liv Odde Torndahl, sekretær
- Karin Hansen, Asta Moen og Magnhild Iversen, styremedlemer
Sjå også
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Fastelavensris i rute. Artikkel i Setesdølen nr. 17, 2011 side 3
- Ny leiar i Evje Sanitetsforening. Artikkel i Setesdølen nr. 17, 2011 side 3