Alf Georg Kjetså
| Alf Georg Kjetså | ||
|---|---|---|
| Født: | 1. september 1935 (90 år) | |
Alf Georg Kjetså (fødd 1. september 1935) er ein pensjonert lærar og rektor i Evje og Hornnes kommune, der han arbeidde på Hornnes barneskule. Han var og kommunestyremedlem for SV og leiar av kulturstyret i Evje og Hornnes.
Fotoinnsamling
Alf Georg Kjetså har vore ein aktiv fotograf i lokalmiljøet. Han er mellom anna fotografen bak dei fleste bileta i Hornnes I, Gards- og ættesoge (utgjeven i 1969). Med ny teknologi tok han og til å filme. Han har laga lokale kortfilmar frå kulturaktivitetar så vel som kvardagslege hendingar.
I tillegg har han samla mykje på gamle bilete, og han har avfotografert bilete andre har teke. Han har registrert rundt 6000 bilete frå samlinga som Evje og Hornnes kommune fekk frå fotografen Johan Fennefoss.
Heder
Kjelder
- Setesdølen nr. 73, 2010 fredag 3. september 2010 side 3
- Sigurd Haugsgjerd: Kongeleg medaljedryss i Evje og Hornnes 17. mai. Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2011 onsdag 18. mai 2011 side 8