Hopp til innhald

Ankjerbekken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. november 2014 kl. 12:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ekstern lenke: bilder)

Ankjerbekken er ei lita elv som starter oppe på heia aust for Støylen i Dåsvannsdalen i Hornnes. Ho renn utfor nokre bratte stup nedover i lia rett nord for Støylen, og munnar ut i den større elva Skjerka nede i dalbotnen. Kort etter fell Skjerka saman med Dåsåna, på Samkom.

I følge lokalhistorikaren Oddmund Mogstad tyder Ankjerbekken "bekken mot kjeret". Kjer er ei spesiell innretning for å fange fisk). Ei naturleg forklaring kan vere at det var eit kjer i Skjerka om lag der Ankjerbekken renn ut i henne.

Kjelde

Oddmund Mogstad, Fiske i gamle dagar, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2014, s. 19 flg.

Ekstern lenke