Gåseflå (Hornnes)

Gåseflå er eit lite, og i dag nedlagd gardsbruk under garden Bjørnestøl i Bjørndalen heilt vest i Evje og Hornnes kommune. Bruket blei skild ut frå andre bruk under Bjørnestøl i 1894. Av bygdeboka for Hornnes kan det sjå ut til at bruket blei fråflytta i 1952. Det går veg (bomveg) inn til Gåseflå fra Riksveg 42 langs Bjørndalsvatnet og vidare innover til Matkrona, Gunnarsvatnet og Nedre Øyvatn.
Kjelde
Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeven av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 696