Hopp til innhald

Alfred Ragnvald Moseid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. oktober 2014 kl. 23:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet navnet til kona Gunda)

Alfred Ragnvald Moseid var fødd 13. oktober 1910, og døydde 18. mars 1943 i tysk krigsfangenskap. Han var frå Moseid i Hornnes og gift med Gunda O. Moseid (fødd Tveit) i Evje. Han vart arrestert av tyskarane 8. september 1942 og send til Kristiansand. Derifra vidare til Grini, Sachsenhausen konsentrasjonsleir og til slutt Staaken-Falkensee konsentrasjonsleir, der han altså døydde 18. mars 1943.

Namnet til Alfred Moseid er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje over dei frå Evje som sette livet til i kampen for fedrelandet i krigen 1940-1945.

Kjelde