Dansarberga

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. oktober 2014 kl. 11:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet litt i tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dansarberga omlag midt på biletet, med Mykleåsen bak. Foto: Geir Daasvatn

Dansarberga er eit fjell eller ein ås i Evje, mellom gardane Odde i nord og Åsland og Lund i sør. I aust ligg Landsverk og Mykleåsen. Toppen av Dansarberga ligg på 418 m.o.h. I Dansarberga var det frå gamalt av ein samlingsplass eller danseplass for ungdomen - Dansarberg. Det er ei flate på fjellet på storleik med eit svært dansegolv. På den eine sida er det ein stein, passande å sitte på - spelemannssteinen.

Det kan hende, har Nils Odde d.e. skrive, når ein sit på denne spelemannssteinen ein sein jonsokkveld, når gauken og måltrosten hev slutta sitt spel, og dimma gjeng over i sumarnottmyrkre, at ein vert førd attende til den tid, då dansen gjekk her på Dansarberg.

Kjelde