Eilert Hægeland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. oktober 2014 kl. 16:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til oppl om Hægelands interesse for lokalhistorie)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eilert Hægeland
Født: 22. september 1951
Død: 13. februar 2004 (52 år)

Eilert Magnus Hægeland (fødd 22. september 1951 i Arendal, død 13. februar 2004)[1] var ein norsk komponist og organist. Han vaks opp på Evje og gjekk på Kristiansand katedralskole (latinlinje) og Norges Musikkhøgskole. Han debuterte som konsertorganist i 1978.

Frå 1976 til 1979 arbeidde han ved Nordnorsk Musikkonservatorium. Der var han ei drivkraft for å opprette ei eiga kyrkjemusikkutdanning. Han var domorganist ved Bodø Domkirke 1979 - 1986. Frå 1993 var han rektor ved Åmli Musikk- og Kulturskule, der han var til 2002.

Eilert Hægeland komponerte verk for kor, kammermusikk og for orkester. Han skreiv og fleire bryllupsmarsjar, dei fleste med ei neoklassisk uttrykksform. Etter ei alvorlig ulykke (1994) var han mindre aktiv ei tid, men kom seg og vart sidan organist i Bygland og sentral i landsdelens folkemusikkliv.[2]

Eilert Hægeland var interessert i lokalhistorie. Han var med og skipa Evje og Hornnes Sogelag i 1986 saman med Olav Arne Kleveland, og var òg den første leiaren av laget.

Heder

Han fekk Aust-Agder fylkes kulturpris i 1973.

Eksterne lenker

Referanser