Otra Kraft
Otra Kraft DA er eit selskap som vart etablert i 1960 som IS Øvre Otra. Mellom kraftanlegga til Otra Kraft er to kraftstasjonar. Det er Brokke kraftstasjon og Holen kraftstasjon. Den fyrste vart bygd i perioden frå selskapet vart starta til 1964/65, då dei tre første aggregata vart sette i drift. I 1976 kom eit fjerde aggregat. Den andre kraftstasjonen vart ferdig og sett i drift i 1981.
Til saman er det 7 aggregat i dei to kraftstasjonane. Variasjon i vassmengde avgjer kor mykje kraft ein kan ta ut i året. Samla innstallert yting er 900 MVA. Ved konstruksjonsfallhøgde kan ein ta ut 656 MW. I eit normalår produserer Otra Kraft 2350 millionar kilowattimar, som er om lag 2,2% av den totale vasskraftproduksjonen i Norge.
Utbygginga
Utbygginga har gått i ei rekke trinn i løpet av dei 50 åra. Nedanfor fylgjer eit oversyn, der pengesummane er etter verdien på byggetidspunktet:
Byggetrinn 1
Brokke 1 vart bygd frå 1961 til 1964 kosta 296 millionar. Av dette gjekk 43 millionar til å bygge 279 km linjer. I tillegg vart det bygd ein 27 km lang tilløpstunnel til kraftstasjonen på Nomeland i Hylestad. Ni sideelvar vart tekne inn i tunnelen.
Byggetrinn 2
Brokke 2 vart fullført frå 1974 til 1978 og kosta 209 millionar. I denne utbygginga var mellom anna dam ved Botsvatn.
Byggetrinn 3
Brokke 3 vart gjennomført frå 1979 til 1982 og omfatta overføring av Otra frå Lislevatn til Vatndalsvatnet. Holen kraftverk var i drift frå 1981, Breive pumpestasjon i 1982 og Vatndalsdammen i 1983. Dette byggetrinnet kosta 1780 millionar.
Byggetrinn 4
Brokke 4 omfatta utbygginga av Skarje og pumpestasjon og aggregat 3 i Holen. Det kosta 495 millionar og vart gjennomført i 1987 til 1990.
Byggetrinn 5
Byggetrinn 5 kosta 68 millionar og vart gjennomført frå 1995 til 1997. Dette byggetrinnet omfatta Urevasdammen.
Tilsette
Otra Kraft har bare fem tilsette. Det er
- Kraftverksdirektør Reidar Ove Mork
- Sjefsingeniør Olav Mosdøl
- Sjefsingeniør Torleiv Bjørgum
- Sjefsingeniør Gjermund Espetveit
- Kontorsjef Grunde Johnsen
Kjelder
- Jostein Blokhus: Med kraft gjennom dalen i 50 år. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 19. oktober 2011 side 2 og 3
- Olav Egeland: Otra Kraft