Byglandsfjord stasjon

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. mai 2011 kl. 23:46 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Teksttillegg)
Hopp til navigering Hopp til søk
Etter at stasjonen vart nedlagd, vart det planta blomar i sporet
Foto: Reidar Tveito

Byglandsfjord stasjon er endestasjon for Setesdalsbanen. Stortinget vedtok å byggje jarnbane mellom Kristiansand og Setesdal på slutten av 1800-talet. Bana vart bygd som smalspora, både avdi dette vart billegare og høvde betre i eit vanskeleg terreng. I 1894 hadde ein kome fram til Hægeland, og sette i gong med prøyvekøyring av folk og gods. I november to år seinare var det høgtidelig opning på endestasjonen ved enden av Byglandsfjorden. Stasjonsbygget var oppførd i såkalla dragestil, og i tømmer for å stå i stil med byggestilen i Setesdal. Arkitekten var Paul Armin Due.

Bruk etter nedlegginga av banen

I 2011 brukes den gamle restauranten som bibliotek
Foto: Reidar Tveito

Sidan 1962 har det vore tiltakskontor, kommuneplanleggar, arkitektkontor, hyttebyggerservice, turistinformasjon, museum og bibliotek i lokala i fyrste høgda. Oppe i andre høgda har det vore utleige av husvære inntil dette ikkje lenger vart godkjend på grunn av dårlege piper.

Tiltakskontor og idrettsanlegg

Nedlegginga av Setesdalsbanen fall saman med modernisering av Byglandsfjord Dampsag, noko som førde til at mange måtte flytte eller pendle ut av kommunen. Osmund Faremo fekk i gong eit tiltakskontor i lokala, og målet var å få til arbeidsplassar i distriktet. Ei av fanesakene var å få bygd ut eit idrettssenter på heile stasjonsområdet medreikna området der Byglandsfjord Psykiatriske held til. Som ei byrjing for å binde saman heile dette området, fekk ein til ein undergang under Senumsvegen då Senumsund bru vart ferdig i 1965. Idrettssenteret let seg ikkje realisera pga. mangel på kapital, men denne undergangen vart til sist teken i bruk som ein del av ein turveg då det nye reinskeanlegget like ved vart ferdig i 2010.

Arkitektkontor og hyttebyggerservice

Leif Smedbakken var ein dyktig arkitekt, og han fekk til eit prosjekt med hytter der folk fekk levert alle materialer ferdigkappa og tilpassa frå Byglandsfjord Dampdag. Smedbakken hadde god sans for marknadsføring, og det vart sagt at då den aller fyrste kunden ringa og viste interesse for kjøp, var svaret at alt var utseld for lang tid framover. Han reikna med at nå ville rykta gå viden omkring om hyttesuksessen på Byglandsfjord. Attpåtil klara Smedbakken å få innpass i NRK Fjernsynets idébankprogram sidan det var nytt med slike byggesett. Leif Smedbakken og Erik Bye hadde mang ein lystig kveld i denne stasjonsbygningen på midten av 1960-åra.

Turistinformasjon og museum

Etter at Setesdal Hyttebyggerservice gjekk i knas, så overtok allsidige Karl Johan Alværn lokala. Turistar som fant fram til Stasjonen fekk fyrsteklasses informasjon og turopplegg, gjerne på flytande dansk eller nederlandsk. Alværn bruka stasjonsmesterens kontor til sitt kontor, og hadde diverse gamle ting i dei øvrige roma. I venteromet var det mange hyllemeter med all slags flasker han hadde samla, eller fått av turister som kjende til samlinga. Han var også svært interessera i militære og sivile uniformer, og var kry som ein hane når han kunne vise seg i telegrafistuniforma til Osmund Faremo.

Bibliotek og møterom

Til sist flytta Bygland kommunes bibliotek, avdeling Byglandsfjord, inn i heile fyrste høgda. Her har ein god plass til å vise fram bøker til dei som vil lese. Restauranten har også vore nytta til mindre møter av lag og foreiningar. Bygningen er freda slik at ein må samrå seg med værnestyresmakter før ein gjer noko inngrep.