Djupeskòr

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. desember 2010 kl. 22:13 av Siri J (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Djupeskor med Storegrødet til venstre
og Vrålskred til høgre

Djupeskòr er eit skar som ligg på ca 960 m høgde på randa av Setesdal austhei nordaust for Valle sentrum i Valle kommune. Skaret ligg mellom toppane Storegrødet (1148 m) og Vrålskred (1132 m), og leier bekken Skorbekken frå Valevatn på austsida ned mot Otra. Området er eigd av tre av gardane på Tveitebø; Haugum eig Storegrødet og litt av den nordre bergsida, medan dalbotnen delast mellom Kvòsåk og Espetveit. I skaret er ein del av grunnen myrlendt. Ved vestsida av Valevatn ligg nokre buer, mellom anna ei som tilhøyrer Haugum.