Hopp til innhald

Landskappleiken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. juli 2026 kl. 06:50 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Landskappleiken er rekna som eit noregsmeisterskap i folkemusikk og folkedans. Det vert konkurrert i pardans, hallingdans, vokal, hardingfele, fele, durspel og eldre folkemusikkinstrument, i både junior-, senior- og eliteklasse. I tillegg til konkurransar, vert det også arrangert ulike konsertar, utstillingar og sosial dans på kveldstid. Landskappleiken er såleis eit svært publikumsvennleg arrangement for folk i alle aldrar.

Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementstad. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangement. Dei samarbeider kvart år med ein lokal arrangør, som er eit eller fleire av dei lokale laga i organisasjonen.

Arrangementet samlar årleg omlag 1000 aktive folkemusikarar, songarar og dansarar i fem dagar i slutten av juni. Om lag 3000–5000 tilreisande kjem til Landskappleiken.

Landskappleiken har røter tilbake til 1896, då den fyrste Landskappleiken vart arrangert i Bergen av Vestmannalaget. Frå 1923 har FolkOrg (tidlegare Landslaget for spelemenn) stått ansvarlege for arrangementet.

Landskappleiken 2026 var på Hovden i Bykle i Setesdal.

Kjelder