Sandbekk (støyl)
Sandbekk er ein støyl på sørsida av Botsvatn i Bykle, rett overfor Bratteland. Han gjekk ut av bruk for lenge sidan.
Åse Auversdotter Dysje (f. 1863) og dottera Borghild drukna 6. august 1910 då dei etter tradisjonen skulle frakte to kyr frå Sandbekk over Dysjesundet og heim til Nedre Dysje.
Kjelder
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2018, side 271
- Eivind Bratteland, Dysjesoga, eige forlag, 2018, side 68–69