Hopp til innhald

Anne Aanundsdotter Nesland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. februar 2026 kl. 07:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Anne Aanundsdotter Nesland
Født: 1822
Død: 1908 (alder 85–86)

Anne Aanundsdotter Nesland (fødd 1822, død 1908) frå Bratteland i Botnen i Bykle emigrerte til Amerika i 1846 saman med ektemannen Bjørgulf Knutsson Nesland og foreldra sine Aanund Mikkelsson Bratteland og Kjersti Olavsdotter Skolås. Dei og nokon fleire var den første gruppa frå Bykle som emigrerte til Amerika. I Amerika tok Anne etter kvart namnet Annie Newton.

Huslyden slo seg først ned i Rock River Settlement i Wisconsin. Etter 9–10 år der reiste dei vidare til Otisco Township, Waseca County, Minnesota. Seinare flytta dei nok ein gong, no til Fishers Landing i Polk County, nokre mil sør for Grand Forks, i Minnesota. Det er uvisst når ektemannen Bjørgulv døydde. Men Anne døydde i Thief River Falls, Pennington County, Minnesota, i 1908.

Anne og Bjørgulv fekk dottera Kjersti i 1845. Men ho klarte ikkje det første leveåret sitt. I Amerika fekk dei iallfall treborn til; Knute (f. 1847), Aanund og Ole.

Kjelder