Haugsjå

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Haugsjå er ein gard (gnr. 45) og ei lita grend sør-vest i Nissedal kommune i Telemark, med grense mot Fyresdal, Gjøvdal og Åmli. Fylkesveg 3378 går frå Riksveg 41 forbi grenda og vidare inn til Eikhom og Dynjanfoss kraftverk. Fyresdalsåna renn gjennom garden og ut i Nidelva ved Haugsjåsund.
Kjelder
- Kjell Åsen, Nissedal Bygdesoge (2). Gard og ætt. Treungen sokn, utgjeve av Nissedal bygdesogenemnd, 1978, side 548–666