Dynjanfoss kraftverk
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Dynjanfoss kraftverk er eit vasskraftverk ved Eikhomkilen i Fyresdalsåna i Nissedal kommune i Telemark. Fylkesveg 3378 ender ved kraftstasjonen.
Kraftverket nyttar eit fall på 81 meter i Fyresdalsåna og regulerer fossane Dynjanfoss og Reinfossen. Vatnet blir ført i ein 1 540 meter lang tunnel frå inntaket ved Hønevatn. Det er installert tre francisturbiner på totalt 32 MW og normal årsproduksjon er 171 GWh. Det svarar til årsforbruket til 10 700 bustader.
Produksjonen starta i 1951, og kraftverket blei utvida i 1955 med den siste av dei tre turbinane.
Å Energi eig kraftverket.
Kjelder
- Artikkelen om Dynjanfoss kraftverk på Wikipedi (bokmål), besøkt 26. desember 2025
Eksterne lenker
- Om Dynjanfoss kraftverk på nettsida til Å Energi
- Artikkelen om Dynjanfoss kraftverk i Store Norske Leksikon