Gudrun Botnen Haugen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. desember 2025 kl. 07:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gudrun Botnen Haugen

Gudrun Botnen Haugen (fødd 18. april 1902 i Fyksesund i Hardanger, død 5. august 1980]] var leikleiar i Noregs Ungdomslag og danseinstruktør. Ho var opphaveleg frå Hardanger, men gift med Notto Haugen og busett på Evje frå 1950-åra.

I lokalmiljøet i nedre Setesdal la Gudrun ned eit formidabelt kulturelt arbeid med leikarringar og kurs i folkedans, songdans og folkeviseleik. Ho arbeidde med amatørteater og hadde ei stor interesse for bunader. Ho var også ei framifrå bakstekone. Heime i Arendalsvegen dreiv ho utleige av rom til turistar.

«Skulle nokon ha fortent ein kulturpris måtte det vere Gudrun, men dei åra ho var aktiv i bygdene i nedre Setesdal fannst ikkje noko slikt», skriv Eva Haugen Sørgaard i eit stykke om henne i Arnstein 2013.

Kjelder