Dag Odde
| Dag Odde | ||
|---|---|---|
| Født: | 6. mars 1962 | |
| Død: | 12. juli 2025 (63 år) | |
Dag Odde (fødd 6. mars 1962, død 12. juli 2025) vaks opp på Odde gard, men budde i Kjersti Park bustadfelt i Evje saman med kona Marit Galteland Odde. Saman har dei borna Lene Odde og Eirik Odde.
Dag var utdanna elektromontør, og frå 1997 arbeidde han i elektroinstallasjonsfirmaet Evje Elektriske. Han var også medeigar i bedriften (10 prosent).
På fritida var Dag i mange år sterkt engasjert som foreldrekontakt, lagleiar og hjelpetrenar på ulike aldersbestemte lag og A-laget i Otra IL. Han var også ein ivrig dugnadsarbeidar i idrettslaget.
Gravferda var frå Evje kyrkje onsdag 23. juli 2025 klokka 13.
Kjelder
- Årsmeldingar i fotballgruppa i Otra IL
- Nettsida til Evje Elektriske