Marhyl
Marhyl er ein badeplass i Valle kommune om lag tre kilometer nord for Rysstad. Han ligg i Otra, like ved Otra Kraft sitt hovudkontor. Ved Riksveg 9 er det opparbeidd ein grei parkeringsplass, og så er det nokre meter å gå frå parkeringsplassen til badeplassen, som har både svaberg og sandstrand og er oversiktleg for vaksne som vil halde auge med ungane sine.
På fine soldagar er badeplassen svært populær, for den har høgaste temperaturen av badeplassar i Valle kommune. I samband med at det vart opparbeidd parkeringsplass, kom det ønske om å få vassklossett i tilknytning til badeplassen, som bare har utedo. Det har ikkje kome, truleg på grunn av kostnadene. Det har og vore ønske om å få ei flytebrygge på badeplassen, på same måte som det er flytebrygge på badeplassen på Honnevje.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Her vil hylstringane ha flytebrygge. Artikkel i Setesdølen nr. 61, 2011 side 4