Skeie
Skeie er ein morenerygg inst i Skeiskilen i Gyvatn. Moreneryggen skilde av Skeistjønn frå resten av Gyvatn. Men etter regulering av vatnet på byrjinga av 1900-talet vart tjørna og vatnet samanhengande. Rett nord for Skeie ligg Skeisknuten.
Hovudstøylen til Dale var på Skeie. Her hadde alle dei tre bruka kvar sin støyl.
Kjelder
- Reidar Tveito. Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra, andre del, Bygland kommune, Byglandsfjord 2011, side 7