Støylsemne
Utsjånad
Støylsemne er ein støyl i Hylesdalen (Bø-Hylesdalen) i Valle, ved Hylesdalsåni, nord for Stokkestøyl. Her stod ei særmerkt støylsbu. Ho er bygd, truleg på 1500-talet, på same måten som stoga på Rygnestad, og ber merke av at ho er laga slik at ho høver betre til busetnad året rundt enn til støylsbu. Bua blei flytta til Norsk Folkemuseum på Bygdøy rundt 1912–1915.
Tradisjonen seier at det for lenge sidan skal ha vore fast busetnad på Støylsemne. Fleire rydningsrøyser på staden kan tyde på det. Her ligg også Badstoghaugen, som folk har meint kan vere ein gamal gravhaug. Men på Kulturminnesok.no er det sagt at han ikkje er nokon gravhaug.
Kjelder
- Artikkelen om Støylsemne på Kulturminnesok.no
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 21