Åvoldshedder

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. februar 2023 kl. 22:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Åvoldshedder er ein liten heller med oppmura golv, og liggjeplass til ein person, i dalsida mellom Riksveg 9 og Berdalstjønni i Trydal i Bykle.

I 1799–1810 skal det tidevis ha budd ein fredlaus mann her, Åvold Torleivsson Trydal (f. 1754, d. 1841) frå gardsbruket Nordstog. Åvold hadde slege ihjel ein mann, Hallvard Gunnulvsson Moseid frå Hornnes. Under rettssaka kom det fram at drapsmannen i lange tider hadde vore sterkt plaga med periodisk hovudvondt, og at han under desse åtaka ikkje visste kva han gjorde. Fleire omstende kunne tyde på sinnsforvirring. Han slapp difor unna dødsdom som det normalt ville vere for eit slikt lovbrot, men blei dømt til seks års tukthus. Straks etter rettsaka rømde Åvold heim til Setesdal. Han levde som fredlaus i fjella og skogane kring Trydal i om lag 10 år. Då blei ei bøn om nåde innvilga, og Åvold fekk fridomen sin tilbake.

Kjelder