Åsmund Torleivsson Rygnestad
Åsmund Torleivsson Rygnestad («Vonde-Åsmund») (fødd ca. 1540, død ca. 1596) var bonde, kyrkjeverge, lensmann og velstandsmann i Nordigard Rygnestad i Valle. Han var med på kongehyllinga på Akershus i 1591. Vonde-Åsmund er ein av dei største segnheltane i Setesdal. Garden hans er i dag det kjende Rygnestadtunet under Setesdalsmuseet.
Kjelder
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 11–15
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI, Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 341–347