Heimigardsløa
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Foto: Geir Daasvatn
Heimigardsløa er ei gamal løe, ein av dei eldste trebygningane i Setesdal, på bruket Heimigard Rysstad på Rysstad i Valle. Løa er bygd før 1350, altså før Svartedauden. Det kan ein vite ut frå korleis hjørna er hogne i hop på. Det er findalslaft, ein måte å lafte på som bare er kjend før 1350.
Løa er det einaste huset i sitt slag som ein kjenner frå mellomalderen. Ho er såleis truleg den eldste løa i landet. Ho er automatisk freda etter Kulturminneloven.
Restaurering
Løa blei første gong restaurert rundt 1970. Det var Bjørgulv T. Rysstad med fleire som stod for arbeidet. Vinteren 2016/2017 blei ho restaurert på nytt. Bygningsmannen då var Hallvard Nomeland.
Sjå også
Kjelder
- Olav Bø, Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Oslo 1980, side 117-118
- Johs. Bjørkeli, Dalen med museum på hver gård, artikkel i Fædrelandsvennen, God Helg, 7. oktober 2016
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1986, side 277-291
- Anna Olavsdotter Rysstad og Ivar T. Dahl med opplysningar om restaurering på Facebook-sida «Setesdalsnytt» september 2017