Alle Tiders

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. oktober 2016 kl. 09:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten rettelse om vareutvalget)
Hopp til navigering Hopp til søk
Alle Tiders i Evje sentrum pynta til jolehandelen 2015.

Alle Tiders er ein kombinert klede- og leikebutikk i Sentrumsbygget i Evje. Butikken sel dameklær, klær til born (0-12 år) og leikar frå Ringo. Tidlegare hadde butikken også eit stort utval av gåve- og interiørartiklar. Men denne delen av verksemda er trappa ned dei seinare åra.

Innehavar av butikken er Anne Elisabeth Kile Larsen. Ho starta butikken i 2006, då ho overtok lokala etter Tor Idar Lund. Marit Odderstøl frå Vegusdal styrer avdelinga for leiketøy i kjellaren.

Kjelder