Motorsenteret

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. november 2016 kl. 11:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Motorsenteret Rysstad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Motorsenteret (AS) er ein snøscooterforhandlar på Rysstad i Valle. Firmaet sel Yamaha-scooterar, og i tillegg terrengkøyretøy, snøfresarar og tilbehør av ulikt slag. Driftsinntektene i 2015 var rundt 9,9 millionar kroner. Det er to tilsette. Jon Atle Helle eig og driv verksemda. Han har fleire gonger fått heidersutmerkinga «Dealer of the Year».

Historie

Selskapet vart skipa i 1995, på tuftene av det tidlegare Rysstad Snøscooterservice som hadde handla med snøscooterar i Setesdal sidan 1982. Det var Åge Rysstad som starta den verksemda, som eit lite enkeltmannsføretak heime i garasjen. Rysstad Snøscooterservice hadde på det meste forhandlarar i Åmli, Åseral, Sirdal og Kvinesdal. Det blei behov for meir arbeidshjelp. Jon Atle Helle vart tilsett, og blei etter nokre år kompanjong. Motorsenteret blei skipa i 1995, og sidan 2002 har Helle drive verksemda åleine.

Kjelder

Eksterne lenker