Hopp til innhald

Myhola

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. august 2017 kl. 06:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt meir historie)

Myhola er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 6 bnr. 5) i garden Ånebjør i Bygland vesthei, ca. to kilometer aust for Beinsvatnet nær grensa til Åseral. Den siste fastbuande i Myhola var Bjørgulv Myhola (f. 1872, d. 1968), ein mykje særmerkt mann som var kjent over heile landsdelen. Bjørgulv flytta frå staden i 1917.

Historie

Gardsbruket var først støyl under Ånebjør. Orm Knutson Stranden (f. 1776, d. 1853) fekk bruke staden som husmannsplass frå 1822. Knut Ormson Myhola (f. 1805, d. 1868), son til Orm, fekk kjøpe Myhola i 1837. Då han døydde i 1868, gjekk bruket på auksjon til Tor Olavson Viki. Han flytta truleg aldri til Myhola, og selde bruket vidare til Svein Bjørgulvson i 1870. Svein var son til Uppstad-kjempa Bjørguv Eivindsson Uppstad. Mora var Sigrid Olsdotter Tveiten. Han dreiv med krøtarhandel. Han ala opp stutar som han selde, og brukte stutar som trekkdyr. Han døydde i Myhola 20. april 1903, og sonen Bjørgulv Myhola (f. 1872, d. 1968) overtok gardsbruket. Han selde bruket til fru Margit Jebsen i 1916, og flytta altså frå Myhola året etter.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.