Hopp til innhald

Svartevatn-magasinet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. juli 2017 kl. 23:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Svartevatn-magasinet)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Svartevatn-magasinet er eit reguleringsmagasin i Setesdal Vesthei, på grensa mellom Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder. Magasinet ligg sør for Blåsjø og nord for Roskreppfjorden, to andre store reguleringsmagasin i fjellheimen. Oppdemminga førte til at dei tidlegare innsjøane Ytre Storevatnet, Hyttevatn, Store og Litla Auravatnet, Lonevatnet, Svodhellervatnet og Svartevatn alle flaut saman til eitt stort vassmagasin.

Innsjøen er magasin for Duge kraftverk i Sira-Kvina Kraftselskap, og blir regulert 119 meter mellom høgaste og lågaste vasstand.

Kjelder

Kart