Duge kraftverk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Duge kraftverk ligg 1,4 km inne i fjellet, om lag to km sør for Svartevassdammen, på grensa mellom Sirdal og Sandnes (Forsand) i Rogaland. Kraftverket nyttar eit fall på 240 meter mellom magasina Svartevatn og Gravatn. Det er installert to reverserbare aggregat på 100 MW kvar. Dei reversible turbinane kan nyttast til å pumpe vatn tilbake i magasinet.

Arbeidet med kraftverket tok til i 1974, og var ferdigstilt i 1979. Kraftverket er eit ledd i Sira-Kvina-utbygginga. Det går anleggsveg nordover til kraftverket og Svartevassdammen frå Ådneram i Sirdal.

Kjelder

Kart