Grosås
Grosås er ein gard i Iveland. Husa ligg på sørsida av fylkesvegen mellom Vestre Hodne og Birketveit.
Historie
Det er fleire gravhaugar på garden. Han er truleg mellom dei eldste i Iveland. «Det er ikkje urimeleg at han kan gå tilbake til folkevandringstida», skriv Aslak Fjermedal i gards- og ættesoga for Iveland. Den første bonden på garden ein kjennar namnet til, er Matz Grossaas.
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 42-60
- Kart på nettsida til Statens Kartverk