Byglandsfjord Sag
Utsjånad

Foto: Reidar Tveito

Foto: Reidar Tveito
ANS Byglandsfjord Sag er eit sagbruk og høvleri som ligg på Byglandsfjord. Bedrifta har 26 tilsette (i periodar 2-4 ekstra tilsette), dei fleste med fagbrev eller autorisasjon innan trelastarbeid, og omsette i 2011 for 54 mill. kroner. Sagbruket sagar ca. 50.000 m³ tømmer kvart år og sel trelastmaterialar engros, både kvit- og trykkimpregnert, til byggeforretningar, for det meste på Sørlandet og Vestlandet.
Historie
Byglandsfjord Sag vart starta opp som KS Byglandsfjord Sag 9. oktober 1986. Då var produksjonskapasiteten 40.000 m³ i året på eitt skift. Sagavdelinga vart utvida i 2002. KS-firmaet vart overteke av ANS Byglandsfjord Sag i 1988. Firmaet har desse eigarane:
- Marnar Bygg II AS, 52 % eigarandel (eigd av Per Birkeland, som og er dagleg leiar)
- Leif Hübert AS som har 48% eigarandel.