Haugenloftet
Foto: Geir Daasvatn
Haugenloftet er eit eldgamalt loft, bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt år 800. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet. Loftet er freda etter kulturminnelova.
Loftet vart restaurert i 1957-1958 og to gonger på 1990-talet. Hausten 2014 starta ei ny restaurering, no av taket. Hallvard S. Nomeland i Sør Restaurering stod for arbeidet. Arbeidet fortsatte i 2015.
Kjelder
- Månedens kulturminne - Om Haugenloftet hos Aust-Agder fylkeskommune
- Ole Birger Lien, Treng fleire pengar for å restaurere Haugeburet, stykke i Setesdølen nr. 58, 2015, side 4
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 522-523