Nånes (Bygland)
Foto: Geir Daasvatn
Nånes er ein gard (gnr. 50) i Bygland, på vestsida av Byglandsfjorden, mellom Frøyrak i sør og Skjevrak i nord. Grensa i sør går over toppen av Nånesveten. Bustadhuset på garden skal vere oppsett i 1850. Det er ikkje fast busetnad på garden i dag.
Kjelder
- Gardskart på nett
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 109
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 317-319
Kart
- [