Sigrid Kjetilsdotter Jore

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. januar 2016 kl. 11:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrid Kjetilsdotter Jore
Sigrid K. Jore 2015.
Født: 1987 (alder 38–39)

Sigrid Kjetilsdotter Jore (født 1987) er folkemusikar, kvedar og dansar frå Valle. Ho bur i Homme. Kirsten Bråten Berg og Ingebjørg Vegestog Homme har vore læremeisterane og dei største inspirasjonskjeldene hennar. Ho har studert ved Norges Musikkhøgskule, og tok i 2014 som den første i Aust-Agder bachelorgrad i utøvande folkemusikk.

Sigrid K. Jore er engasjert i musikken på mange felt. Ho er mellom anna med i folkemusikktrioen Raabygg og i Setesdal Kulturpatrulje. Ho driv mykje med kurs i kveding og steving.

Kjelder