Raabygg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Frå venstre: Tuva Færden, Sigrid K. Jore og Johanne Flottorp.
Foto: Åmliavisa

Raabygg er ei folkemusikkgruppe som består av Sigrid Kjetilsdotter Jore (harpeleik), Johanne Flottorp (hardingfele) og Tuva Færden (hardingfele). Alle tre syng også. Dei møtte kvarandre under folkemusikkstudiet på Musikkhøgskulen i Oslo og etablerte gruppa i 2013. I 2016 gav dei ut si første plate, den vart lansert på Setesdalsfestivalen 2016, og same året vann dei open klasse på Landskappleiken 2016.[1] I tillegg er dei «eit solid liveband»[2] som har hatt mange konsertar.

Kjernerepertoaret til Raabygg er folkemusikk frå Råbyggelaget, som er ei gammal nemning for dei indre bygdene på Agder. Musikken har eit stort spekter, og gruppa tek føre seg gangarar, springarar, brureslag, religiøse folketonar, bånsullar og all slags runddans. I den eine augneblinken spelar gruppa forrykande rilar, medan dei i den neste syng ein dyster brureslått a capella.[3]

Diskografi[rediger]

Referansar[rediger]