Lislevatn kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. oktober 2015 kl. 12:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Agder Energi)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lislevatn kraftverk med stasjonsbygning nesten ferdig 23. februar 2015.

Lislevatn kraftverk er eit kraftverk i Håtveitåna i Evje og Hornnes kommune. Det er eigd av Agder Energi. Det var byggestart sommaren 2013 og er rekna å ha ein årsproduksjon på 19 GWh, nok til om lag 880 husstander. Det omfattar kraftverksinntak i sørenden av Vikstølvatnet, kraftstasjon med ein turbin på 4,2 MW og 800 meter lang vasstunnel. Fallhøgda er 97 meter. Det er avløpstunnel til Uldalsvassdraget. Herifrå går vatnet til Tovdalsvassdraget (Tovdalselva). Kraftverket skal fjernstyrast frå Brokke kraftverk.

Kraftverket er bygd av Småkraft og hadde ei byggetid på omlag to år. Byggekostnaden var ca 70 millionar kroner. Den offisielle opningsdagen var 15. oktober 2015.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...