Lislevatn kraftverk
Foto: Geir Daasvatn
Lislevatn kraftverk er eit kraftverk i Håtveitåna i Evje og Hornnes kommune. Det er eigd av Agder Energi. Det var byggestart sommaren 2013 og er rekna å ha ein årsproduksjon på 19 GWh, nok til om lag 880 husstander. Det omfattar kraftverksinntak i sørenden av Vikstølvatnet, kraftstasjon med ein turbin på 4,2 MW og 800 meter lang vasstunnel. Fallhøgda er 97 meter. Det er avløpstunnel til Uldalsvassdraget. Herifrå går vatnet til Tovdalsvassdraget (Tovdalselva). Kraftverket skal fjernstyrast frå Brokke kraftverk.
Kraftverket er bygd av Småkraft og hadde ei byggetid på omlag to år. Byggekostnaden var ca 70 millionar kroner. Den offisielle opningsdagen var 15. oktober 2015.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Vil bygge kraftverk på Evje. Artikkel i Setesdølen nr. 34, 2013 side 2
- Torbjørn Witzøe, Agder Energi åpner småkraftverk, artikkel i Fædrelandsvennen 15. oktober 2015, side 20-21